Storetind takst og rådgiving AS
Bygg- og takstingeniør Karl Anders Bjørdal, med lang erfaring frå bygg- og eigedom.
Sertifisert takstingeniør medlem av Norsk takst.
Våre tenester
-
Skal du selje bustad bør alle bustadsal etter 01.01.22 ha tilstandsrapport, etter den nye forskrifta til avhendingslova «Tryggere bolighandel». Vi tilbyr tilstandsrapport i samsvar med Norsk takst sine retningsliner.
-
Har du behov for verditakst i samband med refinansiering, sal mellom nærståande, arv og liknande tilbyr vi også dette.
-
Skal du synleggjere framtidige verdiar før nybygg/påbygg overfor bank eller anna, kan dette synleggjerast i ein førehandstakst med verdivurdering av prosjektet med føresetnad av at det blir fullført som skissert, og i dagens marked.
-
Ved feil eller manglar etter overtaking av ny eller brukt bustad kan vi bistå med reklamasjonstakst for å belyse saka.
-
Vi kan bistå med tomtetakst, arealmåling, byggelånskontroll og anna.
-
Vi kan tilby ulike tenester, også retta mot næringsaktørar. Dette kan vere rådgiving tidlegfase i utbyggingsprosjekt, entrepriseform, innhenting av tilbod, evaluering osb. Ta gjerne kontakt for ein prat om dine behov.